Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen > Skolereglement

Skolereglement

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

Fastsett av fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune den 15.06.2010 sak T 29-10 med slikt vedtak:Reglement i orden og åtferd for elevar ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylke vert fastsett som forskrift etter krava i opplæringslova § 3-7. Fylkesrådmannen får mynde til å revidere reglementet slik at det til ein kvar tid vert i samsvar med lov og forskrift. Fastsett reglement i orden og åtferd er i samsvar med gjeldande lov og forskrift;LOV 1998-07-17 nr 61: Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Forskrift til Opplæringslova av 23.06.2006 nr 724 Udir-07-2005 Om ordensreglement i grunnskoler og videregående skoler LOV-1967-02-10 nr 00: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

Innhald

§1 Formål

§2 Virkeområde

§3 Brukarmedverknad i skolen

§4 Generelt om opplæringa og bruken av utstyr

§5 Forbod

§6 Erstatningsansvar

§7 Frammøte og fråvær

§8 Prøver og eksamen

§9 Bortvising frå prøver og eksamen

§10 Skolebiblioteket

§11 Bruk av elektronisk utstyr i skolen

§12 Reaksjonar ved brot på ordensreglementet

§13 Vurdering i orden og åtferd

§14 Refsingstiltak utan klagerett

§15 Refsingstiltak med klagerett

§16 Sakshandsaming ved reaksjonar på brot på ordensreglementet der eleven har klagerett

§ 17 Klagehandsaming

§ 18 Tillegg til ordensreglementet

§1 Formål

Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som er rusfritt, fritt for mobbing, vald og anna krenkande åtferd. Formålet med ordensreglementet er å skape samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle i skolesamfunnet og legge grunnlaget for vurdering i orden og åtferd.

Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på ein annan måte. Reglementet skal difor innehalde reglar om orden og åtferd, reglar om kva for tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

§2 Virkeområde

Reglementet gjeld for alle elevar ved skolen og, så langt anna ikkje er bestemt, også for vaksenopplæringa sine elevar, lærlingskoleelevar og andre når opplæringa går føre i skolen sin regi. Reglementet gjeld i timane, friminutta , på veg til og frå skolen.  

Reglementet gjeld også ved opplæring og aktivitetar som vert gitt av skolen utanfor skolen sitt område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod.

Elevane i vidaregåande opplæring har fastsette rettar etter opplæringslova og forskrifta til opplæringslova. Nokre av desse rettane er innarbeidd i ordensreglementet for å definere minimumskrav.

§3 Brukarmedverknad i skolen

For å sikre at elevane har medverknad på læringsmiljøet og skolekvardagen elles skal alle skolane ha eit elevråd. Elevrådet skal arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

Alle skolane skal ha eit skolemiljøutval for å ivareta elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring og elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen.

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval dersom elevane er i fleirtal.

Alle skolane skal legge fram resultata frå den årlege HMS-kartlegginga til behandling både i elevråd, skolemiljøutval og skoleutval.

Alle skolane skal kvart år gjennomføre elevundersøkinga og legge fram resultata til behandling både i elevråd, skolemiljøutval og skoleutval.

Alle skolane skal kvart år gjennomføre minst ei undervisningsevaluering og leiinga skal legge fram hovudresultata for skolen til behandling både i elevråd, skolemiljøutval og skoleutval. Med hovudresultat legg ein til grunn ei samla vurdering frå skolen.
Gjennomføring av undervisningsevalueringa skal drøftast med elevrådet.

§4 Generelt om opplæringa og bruk av utstyr

Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement og instruksar som gjeld.

Elevane skal møte skolen sine tilsette og medelevar med tillit og respekt.

Elevane har rett til undervegsvurdering i fag.

1. Elevane er pliktig til å møte presis til opplæringa og delta i aktivt opplæringa slik at lærarane får grunnlag til å vurdere eleven sin kompetanse i faga.
Eleven skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar for å avtale korleis læringsarbeidet kan følgjast opp dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid.
Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.

2. Alle elevar har rett til minst ein samtale kvart halvår med kontaktlæraren om si utvikling i høve kompetansemåla i dei ulike faga, og kva eleven sjølv må arbeide med for å forbetre seg.
(f.§3-11, 3.ledd)
Alle elevar har rett til minst ein samtale kvart halvår med kontaktlærar om orden og åtferd og andre tilhøve knytt til skolekvardagen og skolearbeidet.

3. Eleven skal varslast dersom det er tvil om det kan settast standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter i fag. Varslet skal bli gitt på eit tidspunkt kor eleven har reell moglegheit til å rette opp vurderingsgrunnlaget. Dette gjeld og om eleven står i fare for å få nokså godt eller lite godt i orden eller åtferd.

4. Alt utstyr som blir nytta i læringsarbeidet må brukast på ein slik måte at det ikkje forstyrrar undervisninga eller læringsarbeidet.

5. Elevane har sjølv ansvar for sine personlege eigedelar.

6. Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke dei arbeidskleda og verneutstyret som det vert sett krav om og/eller som er påbode av Arbeidstilsynet, departementet eller skolen.

7. Elevar som gjennom arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med opplysningar som kjem inn under personvernet, har teieplikt. Dette gjeld og opplysningar som ein vert gjort merksam på er lagt inn under teieplikta. Dette må ikkje vere til hinder for å varsle om ulovlege tilhøve.
Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

8. Alle som deltek på ekskursjonar og reiser i skolens regi, skal vise omsorg og respekt for dei andre deltakarane. Tidsrommet mellom avreise og heimkomst er å sjå på som skoletid, og ordensreglementet gjeld.
Eleven skal følgje instruksar frå reiseleiarar og skal ta del i det oppsette programmet for turen, jf. og skolen sitt eige ekskursjonsreglement.

Brot på ordensreglane ved ekskursjonar/reiser i regi av skolen kan føre til heimsending.

§5 Forbod

1. Vald, tjuveri, mobbing, rasistiske utsegner og handlingar, seksuell trakassering, sjikane pga seksuell legning, religion eller livssyn og anna krenkjande åtferd er ikkje tillate.

2. Elevane skal ikkje laste ned, lagre eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan verke krenkande for medelevar og tilsette i skolen og/eller er i strid med norsk lov.

3. Det er forbode å ha farlege gjenstandar og våpen på skolen sitt område eller ved aktivitet i skolen sin regi.

4. Det er ikkje tillate å vere påverka av, bruke eller oppbevare noko form for rusmiddel på skolen sitt område eller ved aktivitet i skolen sin regi.

5. Det er ikkje tillate å bruke tobakk og snus på skolen sitt område eller ved aktivitet i skolen sin regi.

6. Det er ikkje tillate å bruke ansiktsdekkjande hovudplagg i skoletida.

Brot på desse reglane vert handsama etter reglane i §12, 14 og 15 i ordensreglementet.

§6 Erstatningsansvar

Læremiddel og utstyr som tilhører skolen og skolen sin eigedom elles skal brukast med omtanke. Hærverk og skade fører til erstatningsansvar, jf. skadeserstatningslova.

I tillegg til eventuelle erstatningskrav kan ein iverksette refsingstiltak som t.d.:

- Elevar kan gis høve til å utbetre skadane sjølv dersom dette er føremålstenleg.

- Elevar som har gjort hærverk, kan påleggast å rydde opp etter seg/utbetre skadar som er gjort når oppryddinga er arbeid eleven har føresetnad for å klare, og arbeidet står i rimelig forhold til brotet på regelverket (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging o.l.)

- Eleven kan også bli erstatningsansvarleg etter erstatningsrettslege reglar. (Udir-07-2005)

§7 Frammøte og fråvær

1. Alt fråvær skal førast løpande.

2. Alt fråvær skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet, jf. pkt. 5..

3. Eleven skal melde frå om fråvær frå første fråværsdag. Likeeins dersom han/ho må forlate opplæringa i løpet av skoledagen.

4. For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet/kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:

a) helse- og velferdsgrunnar

b) arbeid som tillitsvald

c) politisk arbeid

d) hjelpearbeid

e) lovpålagd oppmøte

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

Fråvær som skuldast helsegrunnar og som ikkje skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset, må dokumenterast med legeerklæring. Fråværet etter bokstav a – helsegrunnar, må vare meir enn tre dagar og berre fråvær frå og med den fjerde dagen som kan strykast.
Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Eleven kan etter tilråding frå faglærar søkje rektor om å få utføre organisert studiearbeid, for eitt eller fleire avgrensa tidsrom.
Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.
Feriereiser kjem ikkje inn under omgrepet organisert studiearbeid.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset.

Deltaking i ungdomspanelet eller fylkeskommunale utval er å sjå på som tillitsverv og kjem inn under pkt. b eller pkt. c ovafor.

5. Eleven kan krevje at årsakene til anna fråvær enn det som går fram av punkt 4, vert ført på eige vedlegg til vitnemål eller kompetansebevis. Eleven har sjølv plikt til å dokumentere årsakene til fråværet.

6. Avtalar med rådgjevar, helsesøster, pedagogisk-psykologisk teneste, leiinga eller andre tilsette ved skolen skal ikkje førast som fråvær. Eleven har plikt til å dokumentere avtalane.

7. Høgt fråvær, uavhengig av om reglane i punkt 4 er følgde, eller om fråværet er dokumentert eller ikkje, kan føre til at det ikkje er mogeleg å gje standpunktkarakter.
Reglane om varsling i §3-7 i forskrift til opplæringslova gjeld.

§ 8 Prøver og eksamen

Prøve/eksamen i eit fag skal annullerast dersom eleven har fuska eller gjort forsøk på å fuske. Dette gjeld også dersom det er sensor/sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk.

Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen.

Spørsmålet om annullering av ei prøve i eit fag skal avgjerast av faglærar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før det vert teke avgjerd om prøva skal bli annullert.

Eleven har likevel rett til å fullføre prøva/eksamen på prøve-/eksamensdagen.

Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamen. Skolen skal informere eleven, og dei føresette til elevar under 18 år, om klageretten. Fusk eller forsøk på fusk på prøve/eksamen vil kunne få konsekvensar for karakteren i åtferd.

§9 Bortvising frå prøve og eksamen

Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av prøve eller eksamen .  Dersom åtferda til ein elev er i strid med dei retningslinene som Utdanningsdirektoratet/fylkeskommunen har for prøvegjennomføring og eksamen, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort.

Bortvising frå prøve vert avgjort av faglærar.

Bortvising frå eksamen skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast.

Enkeltvedtak om bortvising frå eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

§ 10 Skolebiblioteket

Som brukar av skolebiblioteket skal eleven følgje utlånsreglane.

Alt materiell som vert lånt ut av skolebiblioteket, også lærebøkene, er skolen sin eigedom.

Det ein låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at:

- ein ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene

- bøkene ikkje skal mangle sider, ha vasskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje

Lånetakaren er sjølv ansvarleg for alt materiell som vert lånt på lånekortet. Dersom materiell går tapt eller vert øydelagt, er lånetakaren erstatningspliktig.

Etter 3 purringar frå skolebiblioteket, utan reaksjon frå lånetakaren, vert det sendt rekning ut frå gjeldande erstatningssatsar. Dersom materiellet framleis ikkje vert innlevert, eller rekninga ikkje betalt, vil ein sende inkassokrav.

§11 Bruk av elektronisk utstyr i skolen

Til grunn for bruk av PC i skolen er det fastsett eit eige IKT-reglement som gjeld for elevar ved dei vidaregåande skolane.

I undervisningstimane skal alt elektronisk utstyr (t.d. mobiltelefon, mp3-spelarar, berbar PC) vere avslått dersom ikkje anna er avtalt eller planlagt med læraren.

I arbeidsøkter med bruk av berbar PC skal PC-skjermen leggjast ned når læraren ber om det.

Det er eleven sitt ansvar at PC-en fungerer som han skal og kan brukast på skolen sitt trådlause nett.

Når eleven bruker Internett skal skolen sine nettvett- og IKT-reglar følgjast.

§12 Reaksjonar ved brot på ordensreglementet

Berre refsingstiltak som går fram av ordensreglementet kan brukast for elevar som handlar i strid med reglementet. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. (Oppl.l.§3-7, 3.ledd)

Nødrett og nødverje gir ein viss rett for personalet på skolen til å stoppe basketak og slåssing mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller valdelege, jf. §§ 47 og 48 i straffelova. Det kan ut frå forholda vere lovleg å bruke fysisk

makt for å hindre at elevane skader seg sjølv eller andre, eller skader eigedommen til skolen eller eigedommen til andre.

Personalet har såleis ikkje berre rett, men også plikt til å gripe inn for å hindre at elevar skader eller plagar andre eller skader seg sjølv eller skoleeigedommen.

I tillegg til refsingstiltaka kan det bli nødvendig å sette inn tilleggstiltak som t.d.:

- Avgrensa og mellombels avstenging av tilgang til spesielle aktivitetar.

- Brot på ordensreglane ved ekskursjonar/reiser kan føre til heimsending

- Ved skade eller tilgrising på skolen sin eigedom kan fylkeskommunen krevje istandsetjing – jf. § 6, eller erstatning etter reglane i Skadeerstatningslova.

- Som hovudprinsipp i mobbesaker gjeld at mobbaren skal flytte skole

- Lovbrot vil bli meldt til politiet

§13 Vurdering i orden og åtferd

Formålet med vurdering i orden og åtferd er å medverke til ein god sosialiseringsprosess for eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og eleven si åtferd (f.§3-2, 4.ledd)

Brot på ordensreglementet kan difor føre til nedsett karakter ved halvårsvurdering og/eller standpunktkarakter i både orden og i åtferd.

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet ved skolen. (f. §3-5, 1.ledd)

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna at eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr. (f. §3-5, 2. ledd)

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg på

skoleområdet overfor medelevar, lærarar og andre tilsette, og korleis elevane ter seg mot kvarandre på skolevegen. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. (f. §3-5, 3. ledd)

I fastsetjinga av karakterane i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. (f. §3-5, 5.ledd)

Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller åtferd. (f. §3-5, 5.ledd)

Hovudgrunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden og i åtferd skal vere orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.

Det er berre standpunktkarakteren i orden og i åtferd ført på dokumentasjonen som skal reknast som enkeltvedtak og løyser ut klagerett.

Døme på kva som vert lagt til grunn for ordenskarakteren:

  • Arbeidsinnsats
  • Oppmøte – avtalar og fristar
  • Ugyldig fråvær
  • Behandling av læremiddel/materiell
  • Halde det ryddig på arbeidsplass og fellesrom

Døme på kva som vert lagt til grunn for åtferdskarakteren:

  • Mobbing og trakassering/krenkande åtferd
  • Skadeverk
  • Lovbrot
  • Bruk av rusmiddel og tobakk
  • Juks/plagiat/kjeldemisbruk
  • Øydelegging av læringsmiljøet
  • Eting og drikking i timane

§ 14 Refsingstiltak utan klagerett

1. Munnleg eller skriftleg påtale frå ein av dei tilsette ved skolen

2. Merknader

3. Gjenstandar som blir brukt til å forstyrre undervisninga kan beslagleggast.

Beslaglagde gjenstandar kan leverast attende til eleven etter skoletid

4. Ulovlege og/eller farlege gjenstandar skal beslagleggast og kan overleverast tilpolitiet.

5. Rusmiddel vert beslaglagt og narkotika overlevert politiet

6. Bortvising frå den aktuelle timen/aktiviteten for resten av arbeidsøkta etter vedtak fatta av faglærar. Ved slik bortvising har skolen framleis tilsynsansvar for eleven.

7. Bortvising frå resten av skoledagen etter vedtak fatta av rektor

§ 15 Refsingstiltak med klagerett

Følgjande er enkeltvedtak og skal handsamast etter forvaltningslova:

1. Annullering av eksamen – etter vedtak fatta av rektor sjølv

2. Bortvising frå eksamen – etter vedtak fatta av rektor sjølv

3. Bortvising for ein heil skoledag - og inntil fem skoledagar etter vedtak fatta av rektor sjølv

4. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/fylkesutdanningssjefen om pålagt skifte av skole etter sak om vald eller mobbing

5. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/fylkesutdanningssjefen om bortvising for resten av skoleåret

6. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/fylkesutdanningssjefen om bortvising for resten av skoleåret med tap av rett til vidaregåande opplæring

7. Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten

av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1. (Oppl.l.§3-8)

§ 16 Sakshandsaming ved reaksjonar på brot på ordensreglementet der eleven har klagerett

Før det vert sett i verk tiltak mot elevar som bryt ordensreglementet,  skal eleven få høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. I grunngjevinga frå rektor skal det visast til dei faktiske forholda vedtaket byggjer på og kva for reglar som vert nytta.

Ved vedtak som kan føre til bortvising for meir enn resten av skoledagen, skal vedtaket grunngjevast i eige brev til eleven. Eleven og dei føresette har rett til opplysningar om klagerett og klagefrist, og rett til å sjå eventuelle dokument i saka. (fvl.§27,3ledd)

Klageretten gjeld sjølv om vedtak om bortvising kan setjast i verk umiddelbart.

Eleven skal også få orientering om at det i spesielle høve kan søkast om utsetting av sjølve bortvisinga til handsaminga av ein eventuell klage er sluttført. (fvl §27, 3.ledd)

§17 Klagehandsaming

Ein klage skal vera skriftleg og grunngjeven. I klagen må det gjerast greie for dei tilhøva det vert klaga på, og klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket innan klagefristen – til vanleg 3 veker etter mottak.

Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket.

Klage på  bortvising inntil 5 dagar skal sendast til rektor.

Klage over på  annullering og bortvising frå eksamen skal sendast rektor.

Klage over på  bortvising for resten av skoleåret, eventuelt tap av opplæringsretten, skal sendast direkte til fylkesutdanningssjefen.

Dersom rektor opprettheld bortvisingsvedtaket og ikkje tek klaga til følgje, skal rektor sende klagen med si utgreiing og grunngjeving for dette vedtaket til fylkesutdanningssjefen som klageinstans.

Dersom rektor opprettheld vedtaket om annullering av eksamen eller bortvising frå eksamen, skal rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Eleven som har klaga på enkeltvedtaket, skal få kopiar av oversendingsbrevet, og rektor, eventuelt fylkesutdanningssjefen, si utgreiing og grunngjeving når klagesaka vert sendt vidare til klageinstansen.

Klageinstansar

Ved vedtak om annullering av eksamen ved fusk eller forsøk på fusk som er fatta av rektor sjølv, er Fylkesmannen klageinstans.

Ved vedtak om bortvising frå eksamen som er fatta av rektor sjølv, er Fylkesmannen klageinstans.

Ved vedtak om bortvising for inntil 5 dagar som er fatta av rektor, er

Fylkesutdanningssjefen klageinstans.

Ved vedtak om bortvising for resten av skoleåret som er fatta av fylkesutdanningssjefen i medhald av delegasjonsfullmakt, er den fylkeskommunale klagenemnda klageinstans.

Ved vedtak om tap av opplæringsrett som fylkesutdanningssjefen har fullmakt til å fatte, er Fylkesmannen klageinstans.

§ 18 Tillegg til ordensreglementet

I tillegg til ordensreglementet er det fastsett et eige IKT-reglement for elevar ved Møre og Romsdal fylke sine vidaregåande skolar.

For spesielle forhold som ikkje er dekte av ordensreglementet eller andre felles reglar som alt er gjevne av departementet eller fylkeskommunen, kan rektor fastsette tilleggsreglar etter behandling i skoleutvalet og elevrådet. Desse kan ikkje vere i staden for, eller i strid med ordens- og ikt-reglementet.

Dette kan t.d. gjelde:

  • Ekskursjonsreglement
  • Reglar for kantina
  • Internatreglement
  • Reglar for skolekjøkken og verkstader
  • Ordensteneste
  • Utlånsreglement
  • Reglar for skoleavisa
  • Eventuelle andre spesielle tilhøve