Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Regler

Regler

Ordensreglementet gjelder for alle elever i videregående skole i Møre og Romsdal fylkeskommune. www.mrfylke.no 

Borgund vgs

Særskilde reglar for Borgund videregåande skole.

Det skal leggast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer mellom alle i skolen. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet.
a) Alle må opptre omsynsfullt, realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald eller anna krenkande åtferd blir ikkje akseptert, og alle partar i skolesamfunnet pliktar å hindre at dette skjer.
b) Arbeidsvanane til alle i skolen skal være prega av ansvar og orden med ryddig, punktleg og påliteleg åtferd.
c) Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skolen - ute og inne.
d) Skolen har eigne reglement for verkstadar, salongar og klinikkar.
e) Eting og drikking i undervisninga skal berre skje etter avtale med lærar.
f) Alle elevar skal ha på seg gyldig og synleg legitimasjon med bilete når dei er på skolen sitt område, eller på andre læringsarenaer der skolen har ansvaret.
g) Arbeidsklede skal berre brukast i praksisslokale, og til og frå garderoben.
h) Ved fråvær pliktar eleven å gi melding om morgonen første fråværsdag, eigenmelding skal leverast første dag eleven er tilbake på skolen
i) Om ein elev blir sjuk eller av annan tvingande grunn må forlate undervisninga i løpet av skoledagen, skal han/ho alltid melde frå til avdelingsleiar, kontaktlærar, faglærar eller administrasjonen/ekspedisjonen.
j) Alle brot på skolereglementet skal førast i hovudprotokollen, det skal noterast kva brotet består i, og eleven skal ha munnleg melding om brotet på skolereglementet.
Døme:
• Forstyrre undervisninga
• Forseintkoming
• Manglande utstyr (etter at det er rimeleg at elevane skal ha skaffa seg dette)
• Ikkje leverer heimearbeid til fastsett tid (evt har gjort avtale)
• Ikkje nyttar pålagt verneutstyr
• Avvik frå omsynsfull, real og høfleg framferd
Ved seinast 5 brot på skolereglementet, skal kontaktlærar gjere føresette for elevar under 18 år merksame på situasjonen og ta opp i lærarteamet/lærarlaget om det skal kallast inn til ein samtale om at skolesituasjonen til eleven ikkje kan fortsette "på denne måten" lengre. Dersom eleven er over 18 år, skal same prosedyre fylgjast, men kontaktlæraren skal innhente samtykke frå eleven på at føresette kan kontaktast.
Det vert gjort avtale med eleven for å betre situasjonen. Dersom situasjonen ikkje betrar seg, skal avdelingsleiar vere med på neste møte med eleven.
Brot på reglementet vil resultere i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak, særskilde tiltak og/ eller nedsett karakter i orden og/eller åtferd.

IKT- reglement for Møre og Romsdal fylkeskommunens vidaregåande skolar er felles for alle som brukar PC på fylkeskommunalt nett. Du finn IT reglementet for bruk av PC på fylkeskommunalt nett HER

IKT - reglement for Borgund videregåande skole Dette reglementet gjeld for bruken av PC’ar som skulen eig. Desse PC’ane kan vere plassert på datarom, bibliotek, verkstadar eller i andre rom på skulen, det finn du her:

Se skolens brosjyre

Dokument

Informasjonsbrosjyre for Borgund Vgs
PDF-dokument - 428,27 kB
Elevhandbok - HMS
PDF-dokument - 743,92 kB
Rusplan 2016
PDF-dokument - 932,90 kB