Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Regler > Fråvær

Fråvær

Alt fråvær skal førast på vitnemål og kompetansebevis, jamfør Forskrift til Opplæringslova § 3-47, 1. ledd.

I samband med nytt fråværsreglement er det ein del spørsmål knytt til dette. Du finn reglementet her.  

Prosedyre ved fråvær:

  • Ved sykdom varslast kontaktlærar umiddelbart, gjerne via SMS om morgonen, ved fråværets første dag.
  • Læraren føre alt fråvær fortløpande i SkoleArena, i samsvar med § 3-47, første ledd.
  • Skriftleg melding (regnes som gyldig dokumentasjon) leveras kontaktlærer umiddelbart etter at eleven er kommet tilbake til skolen. (For at melding skal være gyldig må føresette signere for elevar som ikkje har fylt 18 år).
  • Dersom det søkas om frådrag av fråvær på vitnemålet med bakgrunn i sykdom, må dette dokumenterast med legeerklæring. Merk at det er spesielle reglar for dette (se forskrift til Opplæringsloven § 3-47)
  • Ved planlagt fråvær skal egenmelding leverast på forhånd. Dersom eleven ønskjer fråværet inn under 10-dagerssregelen må det sendast søknad om dette til avdelingsleiar.
  • Kontaktlærar samlar på egenmeldingane og førar fortløpende regnskap med fråværet.

Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Lovtekst: § 3-47. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter pkt 1 ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter pkt 1 på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.