For deg som er elev

Velkomen som elev skoleåret 2020-2021

Velkomen til utdanning, danning og læring for livet!

På Borgund vidaregåande skole utdannar vi stolte fagfolk for framtida. Dette skoleåret er det du som gjennom faga, skal lære meir om deg sjølv, arbeid og yrke og om livet.

Faga på skolen er ein nøkkel til å bli kjent med alle elevane i klassa di og til å øve deg på å bli ein god kollega.

Det er framleis «koronatider», så kvar enkelt må hugse å halde seg berre saman med dei i klassa si, opphalde seg på klasseromet/avdelinga når de ikkje er ute.

Og når du må bevege deg på skolen sitt område MÅ DU HALDE GOD AVSTAND TIL ANDRE – gjerne meir enn ein meter når det er muleg!

  • Husk å halde god avstand!
  • Vask hender ofte og godt!
  • Host i papirlommetørkle eller albogekroken!
  • Kom på skolen når du er frisk!

Vi ser fram til at du skal vere elev hos oss!
Lukke til med skoleåret 2020 – 2021!

Mvh
Jessie Strand Fagervoll
rektor Borgund vgs