Rettleiing og plikter

På Borgund vgs har vi i starten av skoleåret foreldremøte der føresette får informasjon om skolen, innholdet i opplæringen, foreldremedvirkning, rutiner og annet som er relevant. (Utdrag fra Forskrift til opplæringslova § 20.4)

Ordensreglementet gjeld for alle elever i videregående skole i Møre og Romsdal fylkeskommune. www.mrfylke.no  

Kort orientering om skolen

Kontaktlærar - I alle klasser er det ein kontaktlærar, og det er denne læraren eleven skal halde seg til når det gjeld sjukdom/fråvær og anna informasjon. Kontaktlæraren skal ha faste møte og elevsamtalar med alle elevane i basisgruppa/ klassa si. Du får møte kontaktlæraren på foreldremøtet på hausten.

Skoledagen startar kl.08:15 - Elevane har 35 undervisningstimar i veka, men det er ikkje alle klassene som har sju timar kvar dag. Timeplanen får elevane delt ut ved skulestart, og ein kan også halde seg oppdatert via skulen si heimeside.
I periodar med arbeidspraksis vil det verte endringar i oppmøtetid.

Kantine - Skolen si kantine har eit godt tilbod av brødmat, varmrettar, salat, frukt, drikke m.m. Opningstider 07:45-08:15 og 08:45-13:30.

Elevtenesta

Borgund vgs har organisert ulike hjelpetenester i eit eige område kalla «Elevtenesta». Her sit 5 rådgjevarar med ansvar for kvar sine avdelingar. Dei hjelper til med yrkesval, søknadar og andre faglege utfordringar. Vi har også helsesjukepleiarar som kan vere ein samtalepart og rådgjevar inn mot meir helserelaterte spørsmål. I tillegg har både NAV og OT (oppfølgingstenesta) kontor på elevtenesta.

Resepsjon

Resepsjonen er open mellom 08:15-15:30. Du finn resepsjonen rett innanfor hovudinngangen, og du må registrere deg her dersom du skal inn i skulebygget. Leiinga har kontora sine i same området.

Bibliotek

Skolen sitt bibliotek ligg ved kantina, om lag midt i hovudbygget. På biblioteket finn du skjønnlitteratur, faglitteratur, aviser og tidsskrift. Alle elevane får sitt private lånekort som etter kvart skal kunne nyttast på alle bibliotek i landet. Det er på biblioteket du får låne skulebøkene du skal ha til skuleåret. Biblioteket er bemanna kvar dag.

Lærebøker/læremiddel/PC

Vi føreset at alle elevane våre brukar PC og vi rår dei til å nytte seg av tilbodet som fylkeskommunen gir, sjå info om PC-ordninga. Det er viktig at PC’en er på plass snarast mogeleg, helst ved skulestart. Alle elevar får låne lærebøker på skulen.

Statens lånekasse

Elevar kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. For å søkje må dei anten ha takka ja til skuleplassen på www.vigo.no og kan nytte vigo-sidene til å logge seg inn, eller dei kan søkje direkte via www.lanekassen.no. Ein må bruke MinID-kodane ein har fått tilsendt frå Skatteetaten. Sjå også www.lanekassen.no for meir informasjon.

IT-avdeling

Dette skuleåret har skulen ein systemansvarleg og to lærlingar i IKT-faget. IT-avdelinga har kontor ved biblioteket/ kantina. Alle elevane kan vende seg til lærling eller systemansvarleg for rettleiing i høve datautstyr og programvare

Reglement

Dei vidaregåande skulane i fylket har eit felles reglement, der elevane sine rettar og plikter og nødvendige reglar for orden i skulesamfunnet er nedskrivne. Skulen har i tillegg klassereglar, reglar for lån i biblioteket, reglar for føring av fråvær og IKT-reglar.

 Skulen og skuleområdet skal vere røyk-, snus- og rusfritt. For elevar vart det frå 1.juli 2014 ikkje lov å snuse eller å røyke i skuletida, uansett om ein er på skulen sitt område eller ei. «Skuletida» er bestemt av ordensreglementet og omfattar ikkje fritid og fritimar der elevane oppheld seg utanfor skulen sitt nærområde.

Fraværsgrensen i korte trekk

Mer enn 10 % udokumentert fravær i et fag, kan føre til at eleven mister retten til halvårsvurdering med karakter eller standpunktvurdering. Eleven må legge fram godkjent dokumentasjon for å få fravær unntatt fra fraværsgrensen. Rektor kan etter søknad i helt spesielle tilfeller bestemme at eleven får karakter selv om ugyldig fravær er over 10 % (men ikke mer enn 15 %). Fraværsgrensen gjelder for enkeltfag.

Eleven får varsel ved fare for bortfall av karakter (gis når fraværet passerer 5 %). 

Hva regnes ikke som fravær?

  • Rådgivning på skolen
  • Samtale med helsesøster
  • Møte med PP-tjenesten
  • Utsatt – eller ny eksamen
  • Organisert studiearbeid som er avtalt med faglærer eller avdelingsleder
  • Elevrådsarbeid
  • Avtalt samtale med rektor eller andre ansatte
  • Eleven må ha papir/ dokumentasjon som viser hvorfor han/ hun var borte fra undervisningen

Snarvegar