Informasjon for føresette

Nyttige snarvegar og informasjon for føresette

I skolereglane for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune står det tydleg at: «Elevane er pliktig til å møte presis til opplæringa og delta aktivt.» (§8.4)  Det står også at: «Elevane skal ikkje forstyrre undervisninga og/eller vurderingssituasjonar.» (§8.1) 

Som eit ledd i arbeidet med eit trygt og godt læringsmiljø på Borgund vgs, må elevane (og andre) bruke hovudinngangen for å komme inn på skolen etter kl. 08:25. 

Rektor

Kontaktinformasjon

Telefon 71 28 12 00 

E-post: borgund.vgs@mrfylke.no

Resepsjon

Resepsjonen er open mellom 08:15-15:30. Du finn resepsjonen rett innanfor hovudinngangen.

Tilgang til og bruk av Visma inSchool

Det å ha tilgang til Visma inSchool gir deg som føresett høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær. Du treng berre BankID.

Du kan lese meir om Visma InSchool (VIS) på mrfylke.no

Samarbeid heim skole etter fylte 18 år

Når eleven har fylt 18 år, har skolen teieplikt og foreldre/føresette har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i VIS. I mange tilfelle vil det vere til elevens beste at skolen samarbeider med heimen eller andre omsorgspersonar også etter at eleven er blitt myndig. For å gjere det, må både elev og føresett signere på eit samtykkeskjema. 

Eleven gir samtykke ved å fylle ut dette skjemaet

Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i Visma InSchool fra "Min profil"  og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.

Opplæringsloven

Den lova som regulerar grunnskulen og vidaregåande opplæring er opplæringslova, og gjeld grunnskuleopplæring og videregående opplæring i offentlege skular og i lærebedrifter.  Alle lovene og forskriftene finn du på lovdata.no

Reglar

Det skal leggast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer mellom alle i skolen. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet.

Rettar og reglar som gjeld for alle elevar i videregående skole i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

IKT- reglement for Møre og Romsdal fylkeskommunens vidaregåande skolar er felles for alle som brukar PC på fylkeskommunalt nett. 

Informasjon for føresette

På Borgund vgs har vi i starten av skoleåret foreldremøte der føresette får informasjon om skolen, innholdet i opplæringen, foreldremedvirkning, rutiner og annet som er relevant. (Utdrag fra Forskrift til opplæringslova § 20.4)

Kort orientering om skolen

Kontaktlærar - I alle klasser er det ein kontaktlærar, og det er denne læraren eleven skal halde seg til når det gjeld sjukdom/fråvær og anna informasjon. Kontaktlæraren skal ha faste møte og elevsamtalar med alle elevane i basisgruppa/ klassa si. Du får møte kontaktlæraren på foreldremøtet på hausten.

Borgund vgs har 60 klasser på ulike utdanningsprogram, i tillegg har skulen elevar på ATO Alternativ opplæring , YO Yrkesopplæring og BORK voksenopplæring. Namnet på klassene er sett saman av: Årstrinn/ Utdanningsprogram/ Programområde/ Nummer. (Døme: 2BAB1 er andreklassingar, Bygg- og anleggsteknikk, byggteknikk)

Skoledagen startar kl.08:15 og elevane har 35 undervisningstimar i veka, men det er ikkje alle klassene som har sju timar kvar dag. Timeplanen får elevane delt ut ved skulestart, men i periodar med arbeidspraksis vil det verte endringar i oppmøtetid.

Kantine - Skolen si kantine har eit godt tilbod av brødmat, varmrettar, salat, frukt, drikke m.m. Opningstider 07:45-08:15 og 08:45-13:30.