Besøk frå Dysleksi Norge
Sist veke hadde Borgund vgs besøk av Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge.
Besøket var eit ledd i prosessen med å sertifisere skulen som "Dysleksivennleg". Åsne observerte undervisning, heldt foredrag og snakka med grupper av elevar, lærarar, føresette og leiarar.
Skulen har i mange år arbeidd for at alle elevar skal ha utbytte av undervisninga, også dei elevane som har utfordringar med lesing.
For å verte "dysleksivennleg" og godkjent av "Dysleksi Norge" må ein stette visse krav og arbeide systematisk med:
- God kartlegging av elevane, slik at ein klarer å oppdage dei elevane som har denne vansken.
- Gode tiltak som raskt kjem på plass.
- Undervise på ein dysleksivennleg måte.
- God kjennskap til ulike hjelpemiddel som kan nyttast.
Etter besøket vil skulen motta ein rapport med tilbakemelding om kva som står att før søknad om godkjenning kan sendast. Målsetjinga er at Borgund vgs skal vere godkjent som dysleksivennleg i løpet av vinteren/ våren 2022.
Dersom du er nysgjerrig på Åsne og Dysleksi Norge kan du kanskje høyre dette radiointervjuet med Klaus Sonstad i NRK - Språksnakk: https://radio.nrk.no/podkast/spraakteigen?fbclid=IwAR3Tiebjfgky2BueZbtTH45PVPbkWcVNqg4UwhYu1o7MbjOmUF6dcA429do