Borgund vgs støttar NSP Aid
Ver med å hjelpe - Gje tomflasker i panteposane våre, eller gje jobbtilbod til elevane på aksjonsdagen den 04.11.22, eller støtt aksjonen direkte.
Malaika Villages Kisarin
Vi er i Kenya og besøker prosjektet “Malaika Villages” i regi NSP-AID. Lokaliteten er i Kisarin, rett utanfor Nairobi,
Det er ei gruppe på12 elevar og fem lærarar frå fem forskjellig vidaregåande skular på Sunnmøre, som er med på turen til Kenya i år. Målet er å bli kjent med prosjekta til NSP-AID. Skulane samlar inn penger til Malaika Villages Kiserian – den nye barnelandsbyen utanfor Nairobi. Her skal NSP-AID bygge opp ein trygg, liten oase for foreldrelause barn, barn som har mista foreldre i slummen inne i byen.
Det skal byggast fleire hus, skule, aktivitetsområde og ein jordbruksdel, for å støtte opp om sjølvhushald. Kvart hus vil ha plass til 8 barn, saman med ein ansvarleg vaksen. som ein liten familie. Dette skal vere eit trygt sted å bo, forklarar NSP AID. Innanfor gjerda her skal barna ha alt dei treng til eit godt liv. Ved å gje barna betre levevilkår, kunnskap og erfaring med positive relasjonar, håper ein dei vil vaksne opp til eit godt vaksenliv - utanfor slummen.
Dette er eit hjelpeprosjekt som elevane på Borgund vgs., i lag med Spjelkavik -, Ulstein -, Herøy - og Haram vgs støttar opp om, med innsamling av penger årleg over fleire år. Då er det kjekt å få tilbod om å delta på ein slik fantastisk flott rundreise.
Frå Borgund vgs var det Hilde, Yoanda og Sarah som reiste og hadde ein flott tur med mange inntrykk, både gode og ikkje fult så bra opplevingar.
Lukke til med årets innsamling, vi såg at det hjelper!