Covid-19 - våren 2021
Siste nytt om koronasituasjonen - 30. april 2021
Publisert 30.04.21
Torsdag kveld fekk vi på ny beskjed om at ein elev var smitta. Dermed vart den eine påbygg-klassa sendt i karantene. Denne klassa har dei siste vekene hatt undervisning i eit stort auditorium, så vi håper og trur at ikkje fleire elevar eller tilsette er smitta.
Vi har ikkje fått melding om at nokon av dei andre elevane som var i karantene frå søndag av (26.04.21) har vorte smitta.
Publisert 26.04.21
Vi fekk søndag kveld melding om at ein elev hadde testa positivt for covid-19. 2 klasser, samt 6 lærarar knytt til desse klassene i smittekarantene. I tillegg er ein lærar på ei anna avdeling i smittekarantene utan at det har påverka drifta på skolen. Det er elles mange som blir berørte pga situasjonen i Ålesund og er i ventekarantene. Det er venta innstrammingar i Ålesund i løpet av dagen. Konsekvensar for skolane er per no uvisst, men rektor ser ikkje bort frå at innstrammingane også vil ha konsekvensar for skoledrifta.
Publisert 24.03.21
Vi har akkurat fått melding om at ein tilsett på Teknologi- og industrifag har testa positivt for Covid19. Det er ukjent om dette er den muterte varianten. Den tilsette har ikkje vore på jobb sidan sist fredag, 19.03. Han underviste då ei klasse på avdelinga. Klassa er sendt heim med munnbind, og skal ha digital undervisning i morgon og fredag.
Elevar og føresette dette gjeld får telefon frå smittesporingsteamet med informasjon om testing og karantene.
Smittesporingsteamet i Ålesund kommune har bede oss om å ikkje sende fleire i karantene før ev. melding om dette kjem.
Publisert 24.03.21
I går presenterte regjeringa strengare nasjonale tiltak, gjeldande frå natt til torsdag 25.03.21. For oss i vidaregåande skule skal vi framleis halde oss til smitterettleiaren, og vi skal vere på nivået som vert kalla "gult lys".
Det er varsla at det kjem ein ny smitterettleiar, gjeldande etter påske. Kva endringar som kjem her, vil vi kome tilbake til, så snart vi veit noko.
Her på Borgund vgs har mange klasser vore ute i praksis desse siste vekene før påske, og vi opplever at elevane er flinke til å fylgje reglane for godt smittevern. Mange elevar fortel om god plass på skulebussane etter at fylket sette inn 12 ekstra bussar denne veka.
Publisert 12.03.21
Då har det gått 10 dagar sidan 2 klasser og fleire tilsette vart sende i karantene. Vi har ikkje fått melding om nokon nye smittetilfeller. For dei involverte elevane så betyr det at dei får reise ut i praksis, og skal vere der dei to siste vekene før påske!
Publisert 05.03.21
Onsdag fekk vi beskjed om at ein elev ved skulen var smitta av covid 19. 2 klasser og fleire tilsette vart sett i karantene, saman med nokre elevar frå andre klasser som eleven hadde vore i kontakt med.
Så langt har alle desse testa negativt. For dei som har vore i nærkontakt med eleven, så må dei framleis vere i karantene, sidan det er den muterte britiske varianten eleven er smitta av. Desse må re-testast før dei får møte på skulen igjen.
For resten av elevane vert det vanleg skule, men med ekstra fokus på godt smittevern!
Publisert 04.03.21
På Borgund vgs har ein elev testa positivt på britisk mutant.
Kommunelegen bad alle elevar og tilsette som er nærkontaktar til eleven om å gå i karantene og bestille tid for test i sin kommune. Alle elevar og tilsette, samt føresette dette gjeld, fekk umiddelbart melding. Nokre elevar har digital undervisning pga tilsette som er i karantene. Andre elevar og tilsette møter på skolen som vanleg.
Rektor har full forståing for at både elevar og føresette kan bli bekymra. Skolen har god kontakt med smittevernmyndigheitene og fylgjer alle råd vi får frå dei.