Elevundersøking 2022-2023
Informasjon om Elevundersøkinga
I elevundersøkinga får alle elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal seie meininga si om læring og trivsel i skolen.
Det er ei årleg undersøking som blir gjennomført i perioden 08. november – 20. desember. Med å svare på undersøkinga får elevane moglegheit til å påverke skolekvardagen sin. Svara frå elevane blir brukte av skolane og skoleeigar for å utvikle kvaliteten i opplæringa, og til å gjere skolane betre.
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga. Du kan også hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.
Behandlingsansvar og personvern
Når du svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om deg. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket. Vår databehandlar Conexus driftar det tekniske i undersøkinga for Utdanningsdirektoratet, og dei må følge same regelverk.
Du skriv ikkje namn og det er heller ikkje knytt personnummer til svara dine i Elevundersøkinga. Når du har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/- lenka di og det du har svart broten. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (eksempelvis ved små skolar), kan det likevel vere ein risiko for at nokre kan kjenne att kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara dine. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.
Siste frist for gjennomføring er 20. desember