Elevundersøking 2023-2024
Elevundersøkinga er elevane si moglegheit til sei meininga si om læring og trivsel i skulen
Det er obligatorisk å gjennomføre Elevundersøkinga for 7. trinn, 10. trinn og vg1 i haustsemesteret. Skolen kan også velje om dei vil gjennomføre undersøkinga på fleire trinn og kan invitere elevar frå 5. trinn til vg3. Borgund vgs gjennomførar undersøkinga for alle elevane på vg1, vg2 og vg3.
Svara kan brukast av skolen, kommunen og staten for å følge opp skolemiljøet og elevane sin trivsel. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga og det er også mogleg å hoppe over spørsmål.
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Elevane gir ikkje opp namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokon få tilfelle (for eksempel ved små skoler), kan det likevel være ein risiko for at nokon kan kjenne igjen kven som har svart kva. Derfor er det svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigar og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne igjen elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på riktig måte. Svara fra Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no
Informasjon til elevar
Før elevane skal svare på Elevundersøkinga, er det viktig at dei får informasjon om kva Elevundersøkinga er og korleis resultata blir fulgt opp. Det kan være lurt å sette av litt tid før dere svarar på undersøkinga, der dere går igjennom spørsmåla og begrep som kan være vanskeleg å forstå.
Her finn du tips til god gjennomføring av Elevundersøkinga i klasserommet