Er du permittert eller arbeidsledig?
No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring
Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?
Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.
Det er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring. Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du, eller strauk i eit eller fleire fag, eller ikkje fekk teke fagprøva?
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring. Nå har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.
Tilbodet er gratis!
Frist for å sende inn skjemaet er 30. oktober.