Er du permittert eller ledig? No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring
Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev? Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.
Tilbodet er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring. Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du, eller strauk i eit eller fleire fag, eller ikkje fekk teke fagprøva?
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring. Nå har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.
Fylkeskommunen har fått eit tilskott frå stortinget som vi skal bruke til å gje tilbod til ledige og permitterte i samband med pandemien.
Det vil bli sett i gang ulike tiltak utifrå behova til dei som er interessert.
Tilbodet er gratis!
For å melde interesse må du fylle ut registreringsskjemaet lenger nede på sida.
Ønsker du å ta fag for å få generell studiekompetanse finn du søknadskjema her
Etter at fristen er ute, vil det ta ei stund før vi har meir informasjon om kursa. Vi kjem tilbake til kvar enkelt i løpet av november/desember for å gje tilbakemelding på kva tilbod vi i første omgang vil sette i gang.
Frist for å sende inn skjemaet er 1. august