Fagbrev i betongfag
Det er stor mangel på fagarbeidarar i Møre og Romsdal. No kan du ta fagbrev i betongfag med støtte frå NAV.
Med eit fagbrev vert du attraktiv i arbeidsmarknaden. Det sikrar deg lønn på fagarbeidarnivå og eit kvalitetsstempel på kva du kan.
Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr frå hausten 2022 eit fleksibelt og tilrettelagt opplæringsløp i betongfag på Borgund vidaregåande skule. I samarbeid med betongbransjen kan du få tilbod om lærlingplass og dermed få moglegheit til å kunne ta fagbrev.
Det er fleire vegar til fagbrev, og bransjen ønsker også å finne kandidatar til å kome direkte i jobb.
Om du tenker dette er noko for deg kan du melde deg på informasjonsmøtet vårt 29. april 2022. På møtet treff du mange bedrifter i Møre og Romsdal som manglar faglært arbeidskraft. Møtet vert halde på Sunnmøre. Nærare informasjon sendes dei som melder interesse for å delta.
Korleis melder du deg på?
- Meld deg på informasjonsmøtet via lenke i ein SMS frå NAV.
- Har du ikkje fått ein SMS kan du logge deg på Ditt NAV og melde frå i ein dialog med rettleiaren din.
Vil du vite meir om kva ein betongfagarbeidar jobbar med kan du sjå filmar og lese om dette på sidane til Utdanning.no. Har du ikkje fått ein SMS kan du logge deg på Ditt NAV og melde frå i ein dialog med rettleiaren din.