Massetesting i høve covid19

Ålesund kommune har fått tilbod om å delta i eit prosjekt der heile skuleklasser vert testa for covid19.

Vi på Borgund VGS skal få delta med 4 klasser, og dei vert testa kvar torsdag over litt tid framover våren.

Skriv ut

Torsdag 29. april får vi opplæring frå teststasjonen i Ålesund. Det er meininga at elevane sjølve skal teste seg med testpenslar. Desse vert samla i ein behaldar, og frakta til Ålesund sjukehus for analyse.

Dersom det skulle vise seg at det er smitte i behaldaren, vert elevane i klassa sendt heim i karantene, og så må kvar einskild elev teste seg på kommunen sin teststasjon.

Klassene som er plukka ut til slik "kohort-screening" er: 3PBPB1, 2ELE2, 2HSA2 og 2TPK1.