Munnbind på kollektivreiser
Ålesund kommune innførte på nytt påbod om å bruke munnbind i situasjonar der det ikkje er muleg å halde 1 meter avstand til andre, slik som på skulebussen.
Ålesund kommune hadde pressekonferanse måndag 26.04.21 etter eit nytt lokalt utbrot av smitte av covid-19.
Skulane skal framleis halde fram på "gult nivå" - trass høge smittetal. Dette hadde FHI vore veldig tydelege på; det er IKKJE høve til å stenge skular som eit tiltak for ¨å førebygge smitte.
Det vart også presentert ei forskrift der det mellom anna står at det er påbode å bruke munnbind i situasjonar der det ikkje er muleg å halde 1 meter avstand til andre, til dømes på kollektivreiser. Elevane vil få tilbod om å få med munnbind til heimreise kvar dag, og eitt til retur neste morgon!
På Borgund er 2 klasser i karantene, etter at vi søndag kveld fekk melding om at ein elev var smitta. Vi har ikkje fått beskjed om at fleire av medelevane er smitta. Det er likevel slik at utbrot kan kome plutseleg, så elevane må vere flinke til å ta med seg alt skulemateriell heim kvar dag, i tilfelle ein plutseleg får melding om karantene...