Ny rektor
Roger A. Fylling blir ny rektor ved Borgund vidaregåande skole
Jessie Fagervoll Strand som har vore rektor ved Borgund vidaregåande skole sidan 1996, har etter 2 år i anna prosjektstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune sagt opp stillinga si. Jørgen Ljoså konstituert rektor, går tilbake til stillinga si som assisterande rektor.
Roger A. Fylling (56) er tilsett, har takka ja til stilling som rektor og han startar i jobben i august.
- Å verte rektor ved Borgund vidaregåande skole er ei oppgåve eg er både stolt og audmjuk over, seier Fylling. - Skulen har særs lange og stolte tradisjonar som yrkesfagskule å ivareta. Frå 21 år i fylkeskommunen, og av dei 12 år som rektor for ein yrkesfagleg skole, opplever eg å ha fått god innsikt i, og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer ved Borgund vidaregåande skule.
- Eg ønsker å verte kjent med skulen og bidra til, saman med dei tilsette, å styrke og utvikle både læringsmiljø og merkevarebygginga til eit sentrum i utdanninga av dei unge i regionen Nordre Sunnmøre. At skolen skal fortsette å vere ein naturleg samtalepartnar opp mot eit spennande næringsliv i regionen, er ei av fleire sentrale oppgåver eg ser fram imot å bidra til. Dette vert både utfordrande og spennande, seier Roger A. Fylling.
Frå 2002 har han vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune, både i undervisningsstillingar på Rauma videregående skole og Ørsta vidaregåande skule, på kompetanse og næringsavdelinga og dei siste 12 åra som rektor ved Ørsta vidaregåande skule.