Nye rutinar for privatistar
Skal du melde deg opp til privatisteksamen i haust? Oppmelding vil frå og med no skje i Visma. Dette er det nye nasjonale skoleadministrative systemet i vidaregåande skole som blir innført frå skolestart.
For å melde deg opp til privatisteksamen må du gå inn her: https://privatist.inschool.visma.no/
Merk at denne portalen har endra opningstider for oppmelding til eksamen. For haustperioden er portalen open frå 1. september til 15. september. For våreksamen er den open frå 15. januar til 1. februar. Meir informasjon finn du her: https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/privatist. Det er viktig at du les all informasjonen før du melder deg opp. Om du har fleire spørsmål, ta kontakt med den enkelte skole.
Det er 9 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar/praksis-kandidatar/lærlingar. Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske.
Frist for oppmelding hausten 2021: 15. september 2021 (Det er ikkje høve til å melde seg til privatist-eksamen etter denne fristen)
Elevar som skal ha ny, utsett eller særskild prøve melder seg til skolen der dei var elev i faget våren 2021.