Over til grønt
Då har kriseleiinga vurdert at det er smittevernfagleg forsvarleg i setje også dei vidaregåande skulane i Ålesund på grønt tiltaksnivå. Dette skjer frå torsdag 20. januar.
Vi er no over i ein fase av pandemien der vi skal tåle meir smitte i samfunnet, også i skulane. Og det skal meir til enn tidlegare for å flytte skular over på gult nivå for smittevern. Ein forventar å sjå både smitteklynger og utbrudd, men målet er å halde desse nede ved auka bruk av hurtigtestar, og målretta endring i tiltaksnivå.
FHI oppsummerer kva ein veit om smitte i barnehagar og skular. Barn og unge vert i liten grad særleg sjuke av korona, og tilsette med som har to eller fleire dosar med vaksinen, er svært godt verna mot alvorleg sjukdom.
Utover vinteren vil det truleg verte variasjon mellom ulike tiltaksnivå lokalt i Ålesund kommune. Målet er at alle skal ha ein smittevernfagleg trygg kvardag med eit minimum av avgrensingar.