Prosjekt Malaika 2021

Fredag, 29. oktober, arrangerar elevrådet vårt eigen variant av Operasjon Dagsverk - Malaikadagen.

Skriv ut

Det var elevrådet som bestemte at vi på Borgund vgs skulle gå ut av operasjon dagsverk (OD). I staden vart det gjort avtale om å samle inn pengar til organisasjonen NSP-Aid, som skal bygge barnelandsbyar i Kenya

Det er meininga at dette framleis skal vere ein elev-organisert aktivitet, og dei som er tillitsvalte skal ha ei rolle som pådrivarar for prosjektet i klassene. I tillegg skal dei registrere kven som skal delta, og namnet arbeidsgjevar (sjølv om det berre er mamma). Elevane er klare til innsats, så kanskje du som besteforeldre, tante/onkel eller føresett kan engasjere dei for ein dag? Vaske/rydde, støvsuge, vaske bil, klippe hekk, hjulskift eller rydde garasje o.l. 

Malaikadagen er frivillig, men vi håper å få med så mange som muleg. Et dagsverk skal koste 400,- kr