Skulen er dessverre tilbake på GULT nivå
Fredag ettermiddag kom beskjeden frå kommuneoverlegen om at det vart innført gult nivå på alle barnehagar og skular i Ålesund kommune.
Det har vore ei veldig kjekk veke, med yrande liv og forventningsfulle ungdommar rundt om på skulen!
Dessverre har smittesituasjonen i kommunen forverra seg, og kriseleiinga har difor teke grep for å få kontroll på smitteauken.
Det overordna målet med gult nivå er å begrense talet på kontaktar - og kunne ha oversikt over desse.
På skulen vil undervisninga halde fram på omlag same måte som før, men samling på tvers av klasser og utdanningsprogram må reduserast. Elevane vert difor oppmoda om å halde seg på klasseromma/ avdelingane sine, talet på sitteplassar i kantina vert redusert - og vi vil forsøke å halde meir avstand til kvarandre (igjen).
Tiltak berre i skuletida nyttar lite, dersom ein på fritida held fram med å ha mange nærkontaktar. Vi oppmodar med dette både elevar og føresette til å gjere ein innsats, slik at vi kan kome tilbake til vanleg skule etter 10. september.