Tilbake til vanlege fråværsreglar etter haustferien
Dei midlertidige reglane for fråvær i dei vidaregåande skolane er oppheva. Frå 11. oktober gjeld det ordinære fråværsreglementet.
Dette betyr at elever ikkje lenger kan bruke eigenmelding eller melding frå føresette ved helserelatert fråvær, og at det frå i dag av er dei vanlege fråværsreglane som gjeld..
Har ein elev meir enn 10% udokumentert fråvær får eleven "IV" (ikkje vurdert) til halvårskarakter eller standpunktkarakter. Merk at om ein elev har IV i et fag til våren, er eleven ikkje kvalifisert til å komme inn på neste skoleår. Elever i Vg3 med IV i standpunkt i eit eller fleire fag får ikkje vitnemål.
Enkelte typar fråvær som sjukdom, bruk av helsetenester, tannlegetimar, velferdsgrunnar og deler av køyreopplæringa som kan dokumenterast, er unntak frå 10% - regelen. Oversikt over kva typar fråvær som kan dokumenterast finner ein på Udir og fråvær i vidaregåande skole
OBS! Eigenmelding eller melding frå føresette er i dei aller fleste tilfelle ikkje er tilstrekkeleg dokumentasjon.
Dokumentert fråvær tel ikkje med i 10%-grensa, men det kjem på vitnemålet til eleven. Enkelte typar fråvær kan eleven sjølv søke om å få trekt frå, slik at det ikkje kommer på vitnemålet. Informasjon om dette finner du her: https://mrfylke.no/media/filer/kompetanse-og-naering/utdanning/fraavaersreglement