Unntak frå fråværsreglane skoleåret 2021 - 2022
Regjeringa vedtok at fråværsreglane blir sett på pause. Unntaket frå fråværsgrensa startar fredag 05.11.21 og gjeld ut skoleåret.
Elevar som har fråvær av helsegrunner, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå ein føresett, mens myndige elevar kan legge fram eigenmelding.
Fråvær av helsegrunner omfattar alt helserelatert fråvær, mellom anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon, samt milde luftvegssymptom og sjukdomsfølelse.
Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein føresett eller eigenmelding skal fråværet:
- Ikkje bli ført som fråvær på elevane sitt vitnemål og kompetansebevis
- Bli unntatt fråværsgrensa
Unntaket som no blir gjeninnført vil gjelde for alt av fråvær av helsegrunner dette skoleåret. Det betyr at det og vil gjelde for det sjukefråværet elevane har hatt frå 11. oktober og fram til i dag. For fråvær av helsegrunner i denne perioden blir både legeerklæringar, eigenmeldingar og foreldreerklæringar godteke som dokumentasjon for fråværet.
Unntak frå fråværsreglane som gjeld til ut året - les meir på regjeringa si nettside
De grunnleggende smittevernrådene gjelder fortsatt
- Syke personer skal ikke være på skolen, i barnehagen og i SFO. Det aller viktigste smitteverntiltaket er at syke personer holder seg hjemme.
- God hygiene. Hostehygiene er viktig for å begrense dråpesmitte, mens handhygiene er viktig for å hindre kontaktsmitte.
- Godt reinhald. Godt reinhald forebygger kontaktsmitte.