Vidaregåande skular på raudt nivå frå 16.12.21
Regjeringa har bestemt at dei vidaregåande skulane skal over på raudt nivå frå og med torsdag 16.12. og fire veker fram i tid.
I perioden fram til juleferien vil dei fleste klassene ha digital undervisning frå torsdag av. Dei skal fylgje timeplanen, og lærar kallar elevane inn til møte (time) via teams.
Elevar på ATO, YO og Bork vil få tilbod på skulen, men med god avstand og i tråd med smitterettleiaren.
Elevar på RM vil ha undervisning på skulen torsdag og fredag, og så digital måndag og tysdag.
Enkelte andre klasser vil kalle inn elevar til ulike vurderingssituasjonar, kundedagar/opprydding/ nedvask på verkstad og salongar etc. Dette gir lærar beskjed om, og på skulen vil ein halde god avstand og utsetje seg for lite smittefare.
Etter jul skal elevane møte på skule annakvar dag. Klassene blir delt i to; den eine dagen møter eleven på skule, den neste vil han/ ho få oppgåver å arbeide med heime. På denne måten vil det verte muleg å halde god avstand til kvarandre på skulen.