Om skolen

Film frå studietilbod ved Borgund vgs

Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune. 

Skolen har ca 1000 elevar og 210 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram, påbyggingsklassar og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs til næringslivet og vi har ansvar for undervisninga ved Ålesund fengsel. Frå skuleåret 2021-22 er også UPA-skolen ein del av skolen.

Vi har i dag eit stort og flott skolebygg med ulike salongar, laboratorium, bygg- og verkstadhallar, restaurant og storkjøkken, bibliotek, kantine, auditorium, idrettshall og ulike spesialrom. Dessverre må elektrofag framleis halde til i brakker og leigde lokale, det er enno uvisst kva tid byggetrinn 5 vert sett i gang.

Borgund vidaregåande skole er ei samanslåing av fire tidlegare vidaregåande skolar, og er lokalisert på tomta til det som ein gong var ”Borgund Yrkesskule” i Fremmerholen. I 2001 vart Borgund vgs slått saman med Sula vgs, i 2004 blei Nørve innlemma, og så seint som 2010 kom restaurant og matfag flyttande frå Ørskog vgs.

Borgund vgs er ein arena for vekst; fagleg, sosialt og personleg. Vi har som målsetting å utdanne ”stolte fagfolk  for framtida”, med utgangspunkt i desse verdiane:

  • Samarbeid som verkar stimulerande og skapande.
  • Trivsel basert på tryggleik, tillit og omsorg for kvarandre.
  • Orden, struktur og oversikt.
  • Likeverd, der alle føler seg inkludert og er lojale til skulen sine verdiar.
  • Tydelege og ærlege i alle relasjonar.
  • Eksternt samarbeid lokalt og internasjonalt.

Kvart år reiser 60 - 80 av våre elevar ut i Europa for å få internasjonal arbeidstrening.  Avhengig av programområde kan elevane søke om å få 2-3 vekers praksis i ulike land i Europa.

For at vi skal klare å ta godt vare på elevene har skulen eiga elevteneste. Her sit rådgjeverar som er knytt til kvar si avdeling, helsesjukepleiar, NAV og OT (oppfølgingstenesta). Borgund vidaregåande skole er praksisskole for PPU-studentar frå Høgskulen i Volda.

Skolen er miljøfyrtårn, godkjent som Dysleksivenleg skole og har eige kvalitetssystem for undervisning og er sertifisert etter standarden DNVGL-ST-0029: 2014-04.

Skolen er lærebedrift innan IKT fag.

Snarvegar

Dokumenter