Utdanningstilbod

Borgund vidaregåande skole har ca 1000 elevar og 210 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram, påbyggingsklassar og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Skulen har også eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs til næringslivet. Vi har i tillegg ei avdeling ved Ålesund fengsel.

Film som viser studietilbod ved Borgund vgs

Vi har i dag eit flott og spennande skulebygg med ulike salongar, laboratorium, bygg- og verkstadhallar, restaurant og storkjøkken, bibliotek, kantine, auditorium, idrettshall og ulike spesialrom. Dessverre må elektrofag framleis halde til i brakker og leigde lokale, det er enno uvisst kva tid byggetrinn 5 vert sett i gang.

Snarvegar

Kontakt