Bygg- og anleggsteknikk

Du lærer

  • produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg
  • ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg
  • om klima og teknologi
  • om bruk av teikningar, skildringar og utrekningar
  • om kvalitet og tryggleik
  • materialkunnskap

Du bør vere

  • praktisk og ha godt handlag
  • sjølvstendig og nøyaktig
  • god til å samarbeide

Du kan bli

  • veg- og anleggsfagarbeidar eller asfaltør
  • anleggsgartnar eller anleggsmaskinførar
  • målar, murar, tømrar eller røyrleggjar
  • stillasbyggjar, taktekkjar eller blekkslagar
  • trevaresnikkar eller glasfagarbeidar

Sjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • offentleg eller privat verksemd
  • større eller mindre handverksbedrifter
  • industri- eller entreprenørbedrifter

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
  • Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse- etter Vg2 eller- etter oppnådd yrkeskompetanse. Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.

Snarvegar

Kontakt