Rådgivarar ved Borgund vidaregåande skole

Borgund vidaregåande skole har fem rådgivarar, med ansvar for ulike avdelingar. Dei held til på kontor i Elevtenesta.

Rådgivarane skal saman med kontaktlærarane være til hjelp for elevane i spørsmål om fagval, studieval, yrkesval, samt sosiale vanskar som har samanhang med eller gjer skolegangen vanskeleg. Rådgivarane samarbeider med PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og andre ved behov.