Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen. Tillitselev og varaelev blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere klassa si ved elevrådsmøta. Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meiner er av interesse for elevane.
I elevrådet blir det òg valt eit styre. Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.
Kontakte elevrådet
Har du saker til elevrådet?
Send e-post til elevrådet ved Borgund VGS
Det er både mobbeombod, elev- og lærlingombod og studentombod i Møre og Romsdal
Elevrådet sitt prosjekt i Kenya
Elevrådet har bestemt at skolen skal støtte eit prosjekt i Kenya, Malaika Villages. Pengene som blir samla inn på Malaikadagen går til å bygge ein barnelandsby utanfor Nairobi i Kenya.
NSP Aid og barnelandsby i Kenya