NSP Aid og Malaika villages

Elevrådet sitt prosjekt i Kenya

Om lag 400 av elevane våre var med på fjorårets aksjon – der dei brukte ein heil skuledag på å jobbe inn ein sum som blir brukt til å bygge vidare på anlegget til NSP Aid i Kenya. I dag har det kome opp fleire hus der foreldrelause barn kan vekse opp og kalle «heim». Eit av desse husa heiter «Sunnmøre home». På skulen har eitt av klasseromma fått namnet «Borgund». Resultat av Malaikadagen 2023 var på 158 892 kr

Elever motar diplom fra representant fra NSP Aid og prosjekt Malaika - Klikk for stort bilde

På bildet ser du frå venstre:

Angelica Farstad Fagerheim og Ådne Viddal Krogsæther frå VG1 TP – dei skal reise til Kenya til hausten.

Leiar i elevrådet, Marcus Aasehaug-Bakken.

Per Gunnar Hamnøy frå NSP Aid

Julie Kvennes Vinje (4PB) og Andreas Nilssen Lande (2ELE) var i Afrikla i 2023 for å sjå på arbeidet.

Til hausten reiser Angelica og Ådne for å sjå på kva som har skjedd siste året på Malaika Villages Kisarian utanfor Nairobi. Det er store planar for anlegget, som også tilbyr skuleplass for 70 barn frå nabolaget. Noko av jobben deira er å skape merksemd om prosjektet, slik at flest muleg av elevane våre skaffar seg jobb på Malaikadagen 1. november.