Malaikadagen 2024

Diplom frå NSP Aid - Takk for innsatsen!

Tysdag var Andreas  frå NSP Aid innom skulen med eit diplom som "takk for innsatsen" i høve Malaikadagen 2024. Han hadde også med seg Justus Nyangano, som arbeider for organisasjonen i Kenya.

Elevane ved Borgund vgs har sidan 2018 samla inn pengar til denne organisasjonen. Målet har vore å skaffe husrom og ein "heim" for barn som veks opp utan foreldre i slummen i Nairobi. I dag har NSP Aid fått bygd ein flott skule med fleire mindre internat på ei tomt utanfor byen. Ein er no i gang med å sette opp eit nytt bygg, her skal det vere plass til endå 32 barn. Justus viste oss bilde frå byggeplassen.

Bilde av hus som var bygd tidlegare år  - Klikk for stort bilde

 Andreas og Justus fekk møte Ådne og Angelica, som reiste saman med miljørettleiar Elisabeth til Kenya i fjor. Dei gjorde ein fantastisk innsats for å motivere elevane våre til å skaffe seg jobb. I tillegg samla dei inn bamsar, fotballsko og mykje anna som dei hadde med til Afrika. Og så hadde dei foredrag då dei kom tilbake.

Vi har no plukka ut to nye elevar, som skal få vere med på tur i haust. Det er Diana Jafra og William Hovda. Dei fekk også møte vere med på møtet (og bilde).