Det er spennande med skulestart! Nokre av dykk var kanskje elevar her i fjor også, og gler seg til å treffe at gamle kjenningar – for andre er skulen heilt ny og ukjent. Vårt viktigaste mål er at din skulegang skal verte meiningsfylt. Vår pedagogiske plattform stolte fagfolk for framtida betyr at vi trur på ein læringsarena der du gjennom praksis vil få ein solid lærings-plattform, og at kompetanse og sosiale opplevingar står i fremste rekke.
Borgund vgs. er ein stor skule, litt som eit lite samfunn, med eit mangfald av elevar og ulike utdanningar, der vi saman får til gode læringsmiljø i klasser og verkstader. For nokre av dykk er dette siste skuleåret før de skal ut i lære og arbeidsgjevarane er opptekne av gode haldningar når dei ser etter lærlingar. Kvar enkelt av oss har eit ansvar for å ta vare på skulen sin eigedom. Det betyr at vi skal halde det ryddig og reint, og omgåast med kvarandre på ein høfleg måte. Vi er hjelpsame og positive, og viser omsorg.
Vi som arbeider på Borgund vgs. er glade for at du valde skulen vår – og vi skal gjere vårt beste for at du skal ha eit godt læringsmiljø. Lukke til med læringsåret!
Roger A. Fylling
rektor